Nettverksdagen 2008
4. januar 2008 blir Nettverksdagen i Kristiansund arrangert for andre gong. Nettverksdagen 2007 var ein stor suksess, med deltaking frå 21 verksemder og om lag 100 elevar og studentar. Arrangørane for Nettverksdagen 2008 har allereie merka ei stor interesse frå bedriftene, og det vil denne gonga bli lagt opp til at fleire kan delta, både verksemder og unge.
Nettverksdagen blir også denne gonga planlagd, tilrettelagd og gjennomført av dei tilsette i Kom trainee-ordninga. Det spesielle med Nettverksdagen, er at det er ein ny måte å tenkje på, i samband med rekruttering til fylket. Dette skjer ved at unge, nyutdanna menneske i starten av karrieren arrangerer og bygger opp nettverket til andre unge som enno ikkje er ute i jobbmarknaden.
" Tilbakemeldingane vi fekk frå bedriftene og deltakarane på Nettverksdagen 2007, var veldig positive", seier Eigunn Stav Sætre som er ein av dei traineeane som er med på å arrangere Nettverksdagen 2008. "Etter den formidable suksessen i fjor gledar vi oss til å arrangere ein ny nettverksdag. Nokre små forandringar vil bli gjort, i og med at deltakinga vil bli større", seier Stav Sætre men ellers vil innhaldet bli det same, med stands frå bedriftene, workshop, speeddating og underhaldning på kvelden".
Føremålet med nettverksdagen er å legge til rette for vidare kontakt mellom verksemder og studentar/elevar. Dette kan gjelde alt frå oppgåveskriving, til fast jobb. Både studentar, elevar frå vidaregåande og aktivt jobbsøkande vil bli invitert. Informasjon om Nettverksdagen 2008 vil bli publisert i media og fortløpande oppdatert på nettsida: www.nettverksdagen.no.





